Hei!
6.kl ville lage peparkakekalender til å ha på klasserommet. Det gjekk inn i opplegget med julebakst. Peparkakedeig lagast dagen i forvegen, so den laga Kokketor sjølv. Ein gluten og mjølkefri vart det også. Me fekk tips om at me kunne laga hol i kakene og smelte fruktdrops å ha i. For å unngå søl la kokketor eit bringebærdrops i kaken på steikjebrettet og sette alt i omnen. Det gjekk strålande. Slik såg det ut rett før steikjing:

Og slik vart resultatet:


Restane laga me sjølvsagt noko av, kan jo ikkje eta dei rå heller 😉

Så bar det til Europris for å kjøpa cellofan og raude band. Etter at Helèn hadde hatt litt instruksjon såg det slik ut i klasserommet : 🙂

Alle får sitt hjarta. Det er namnelapp i all innpakninga. Viktig å ha kontroll på gluten- og mjølkefri, så då får alle like godt sin. Når dei trekker kalenderen får dei og ein lapp med eit oppdrag dei må gjera……T.d. å hjelpa nokre elever i 1. eller 2. klassen med noko….
Litt seint med dette innlegget no, men kanskje noko å ha i minne til neste advent?
Du må være logget inn for å legge inn en kommentar.