Hei!
Tid for litt meir julebakst. Denne gongen er det Serinakaker på menyen. Kjapt og enkelt å laga.
Me laga sjølvsagt ein porsjon gluten- og mjølkefrie også. Dei vart knallgode 🙂
Her er dei gluten – og mjølkefrie:

Og slik vart dei vanlege kakene:

Og her kjem gluten- og mjølkefri oppskrift:
| 150 gr mjølkefri margarin |
| 1 1/2 dl sukker |
| Rørast kvitt |
| Tillaging |
| 1 egg |
| 4-5 dl Toro fin |
| 1 ts vaniljesukker |
| 1 ts bakepulver |
-Blandast, og la kvile noen timer i kjøleskapet. -Trill deretter ut små kuler som trykkast flate. -Kakene penslast med litt eggekvite og strøast med hakka mandler og perlesukker. -Stekjast ved 180 grader i ca 10 min.
Me lot ikkje deigen kvila, det var det ikkje tid til. Men det vart greitt og jobba med likevel. Resultatet vart utmerka!! 😀
Vanleg Serinakakeoppkrift er her:
| 3 dl kveitemjøl | |
| 1 ts bakepulver | |
| 1/4 ts hornsalt | |
| 1 ts vaniljesukker | Bland alt det tørre og kna margarinen godt inn med nevane. |
| 1 dl sukker | |
| 100 g margarin | |
| 1 egg | Ha i egget når margarinen er godt blanda med det tørre. |
| litt perlesukker | |
| 6 hakka mandlar | Form deigen til passe små kuler og trykk dei litt flate med ein gaffel. Pensle med egg og strø på hakka mandlar og perlesukker |
Temp: 175ºC
Tid: ca 10 minutt.
Lukka til med å bu deg til jul! 🙂
Du må være logget inn for å legge inn en kommentar.