Heisann!
Me har laga bollar. Halve klassen laga vanlege kveitebollar. Etterpå laga dei andre skillingsbollar. Det gjekk unna med baksten den dagen. Her er nokre glimt frå arbeidet:


Oppskrift?? Kan leggja det til seinare om nokon vil. Og på oppmoding kjem oppskrifta her:
Kveitebollar/ Skillingsbollar
| Ingrediensar | |
|---|---|
| 4 ss margarin | Smelt margarin i ei lita gryte |
| 4 dl vatn | Hell vatnet i og sett panna vekk frå den varme plata og sjekk temperatur (37° C) |
| 50 g gjær | Bland gjæren med litt av vatnet til det ikkje er klumpar. Bland med resten av vatnet. |
| 1 l kveitemjøl | Bland det tørre godt i passe stor bolle |
| 4 ss sukker | Bland det våte i litt om gangen i det tørre. |
| ½ ts kardemomme | |
| ½ ts bakepulver | Kna godt |
Hev: dobbelt storleik (30 min).
Bak ut. Trill ut til bollar eller kjevl ut deigen til eit rektangel (for skillingsbollar). Smør på litt smør, strø på passe med sukker og kanel. Rull deigen saman og del han opp i skiver ca. 2 finger bredder tjukk. Set bollane på steikjebrett.
Hev 20 – 30 min.
Pensle med egg.
Steik ved 225º C
Tid: 8- 10 min.
Avkjøl på rist etter steiking.
Lukka til!
Du må være logget inn for å legge inn en kommentar.