I gong att!

Tiitei!

Då er me godt i gong med eit nytt skuleår. Nye mogelegheiter og nye elevar på skulekjøkkenet. Denne veka var det smoothie’s som stod på menyen. Og på PC’ane var det «Mat og helse» frå Cappelendamm som flimra på skjermane. Her er nokre bilete frå vekas aktivitetar.

Blendarane fekk køyrd seg litt 🙂

Her er favorittoppskrifta denne gongen:

Skogsbærsmoothie

400 g skogsbær
1 dl hushaldningssaft
½ beger kesam vanilje
Litt vatn for å spe til passe konsistens

Er bæra frosne er det lurt å køyra dei på is-knuse- program i blendaren, og ha dei andre ingrediensane i etter på.

Lagar du smoothie’s?