Skattkiste

Heisann!

Me har tatt fram ein sikker suksess på skulekjøkenet att. Skattkiste. Første gong kokketor lage det var på kurs med Fredrik Hall for nokre år sidan. Slik såg resultatet ut denne gongen:

Servert med omnsbakte Mandelpotetbåtar!

Skattkiste, eller papillott om du vil, lagar me slik:

Skattekiste

600 g laksefilet
400 g friske eller frossen grønsakblanding
4 ts margarin eller smør
(4- 6 ts balsamicoeddik)
1 ts timian
½ ts salt
¼ ts pepar
litt piffi

Steik i omnen 200° C 15 min. (Set dei inn når potetene har 15 min att av sin steiketid.)

Del eit bakepapirark i to og brett dei på midten. Eine halvdelen skal vera underside. Gni gjerne litt olje midt på den. Så legg du grønsakene og fiskebitane oppå. Dryss på passe krydder og litt balsamicoeddik. Brett den andre halvparten av bakepapiret over. Start med å brette saman over og undersida av papiret frå eine sida og rundt til du kjem til dit papiret naturleg heng saman. Du kan bruka bakepapir om du er tom for bakepapir eller alu-folie. Det tek ikkje fyr. 

Slik ser det ut om du har gjort det rett:

Sabelhogga poteter

Mandelpoteter vask godt med skallet på, del i to på langs og så kvar halvdel i 3-4 båtar (på langs). Legg alle båtane i ei eldfast skål.

(Oliven) olje
Salt
Pepar
PiffiBland godt saman med potetbitane

Steik midt i omnen 200° C 40 min.

Når det er 15 min. igjen av steiketida, set du skattkistene inn i omnen ved sida av potetene. Lurt å bruka brett og ikkje rist???

Slik såg  det ut då det var ferdig til servering:

Dette går ned på høgkant!

Prøv då vel!  🙂