Kakemann

Hei!

Det er tid for juletradisjonar og julebakst! Her på kjøkkenet er det kakemanndeig laga frå grunnen av som er i fokus. Ja ja, veit at SFO bruker ferdig laga peparkakedeig (som ein kan kjøpa for 4,90 pr kg på Kiwi). Me held tradisjonen med eigenprodusert kakemanndeig i hevd!

Her er nokre glimt frå kakemannlaginga:

<3<3<3<3<3<3<3………

Opp på steikjebrett og inn i omnen…….

Det ble ei rist til kvar.

Litt ekstra å putla med når me har rydda opp og venter på at kakene skal bli kalde:

Oppskrift?

De kan jo prøva denne: Fekk han av Astrid Brigtsen då ho styrte skulekjøkkenet på Tysse.

2 dl sukker
1 dl smelta margarinBland godt
1,5 dl lunka vatn
3 ts hornsaltHa det i sukkerblandinga når hornsaltet er rørt ut
oml. 8 dl kveitemjølKna godt saman.

Kjevt til 3mm tjukna

Trykk ut passe figurar.

Steik temp: 190 ºC

Steikjetid: 5-8 minutt. Kakene skal ikkje bli brune.