Meire brennenesler

Heisann!

Denne veka er det framleis brennenesler som gjeld. Var så heldig at er fekk inn eit tips om heilt framifrå uimotståelege nesler. Plukka ei halv bærepose.Dette delte me på dei tre gruppene som var på kjøkkenet i dag. Under ser du eine gruppa reinse nesler:

Etter å ha skylt og delt av stilkane, la me blada og skota på ein tallerk. Då det var gjort var det tid for findeling:

Nokon gjer dette utan hanskar. Det vert ei «smak og behag» sak. Om du er litt varsom klarer du det uten å brenna deg utan hansker.

Litt orden og samarbeid ved benken er eit «must»!

Så er det tid for koking:

Me likar helst gass bluss. Lettare å regulera varmen og mykje mindre sot. Det letter oppvasken enormt.

Klar for eting:

Om det bles og regner litt gjer ingen ting. Det gjeld å finna seg ein lun plass. Då er det berre å rigga seg til å gjera det koseleg!

Det vert alltid tomt i grytene og spørsmål om meir når det er brennensler på menyen.

Serverings tips:

Server med flatbrød.  Og hugs at neslene er best no når dei har unge friske skot!

Skeptisk? Prøv då vel. Einaste måten å finna ut ting på!