Hettejustering

Heisann!

Dei siste dagane har det skjedd nokre justeringar på skulekjøkkenet. Avtrekkshettene over koketoppane var litt lave. Me hadde litt problem med å få rørt i store gryter. Etter ein del tilbakemeldingar frå dei som har brukt kjøkkenet konkluderte me med at noko måtte gjerast. Og no er det gjort. Hettene har fått mykje lengre bein å stå på. Slik ser det ut no:

Endeleg ser me ansiktene til kvarandre, og det er enklare å jobbe på koketoppane. Torsdag denne veka kom den siste hetta på plass.

Takk til teknisk og vaktmeister for hurtig utført oppdrag!!!