Heisann!
Då er kakene oppetne og det står asiatisk på menyen. Jau då, eg hadde lova dei unge håpefulle at dei skulle få prøva å eta med pinner. Må jo halda lovnader, så etter ein kjapp tur innom ein butlkk som tok bedriftskortet, og som førte asiatiske varer, var det klart til leksjon!
Dagens meny var vårrullar, asiatisk kjøttgryte og asiatisk salat. Oppskriftene vart litt tilpassa, men eg fann dei på www.matprat.no . Slik såg et ut då me diska opp:

Elevane fekk kvart sitt sett etepinnar av tre. Kokketor testa eit sett, i tillegg til nokre litt meir prangane i plast.

Det er lettast med bambus, men ser jo stiligt ut i plast.
Etter litt kortfatta instruksjon vart maten fortert. Det var mange ulike og kreative teknikkar som vart synt fram. Dei skal me like visa her.
Kokketor sin tallerk såg slik ut før han gjekk laus på det som låg på han med pinnane og god apetitt:

Om eg brukte pinnane rett? Sjølvsagt. Let aldri ei slik anledning gå i få meg 😉
Og smakane var frammifrå gode…. 😀
Prøvd slikt?
Du må være logget inn for å legge inn en kommentar.