17. mai bakst

Heisann!

I dag var det ny runde med kaker på kjøkkenet. Me brukar å vera 4 grupper, så innkjøpet vart gjort der etter. Så med litt «elevfall» blei det 4 kaker i dag!

Slik såg dei ut:

Så nokre nærbilete:

Marmorkaka
Eplekaka
Kokketors sjokoladekaka spesial
Kremflagg spesial: «Ja, vi elsker dette landet»

For å vera førstegongs marmorerande var det ganske bra gjort av elevane å laga «smily» 🙂

❤  it!

Det vart kanskje litt mykje kaka på ein gong. Det gjorde ikkje noko. Dei siste smulane vart etne på personalrommet 🙂

Har du baksten klar til 17.mai? Eller er det rømmegraut frå grunnen av som gjeld hjå deg?